Velkommen til nye Sydvesten på nett!

Debatt:

Born må få læra å symja

Det er ikkje til å tru at vi no er på jumboplass i symjing i Norden, skriv SV-gruppeleiar Oddny Miljeteig.

Noreg er eit kyst- og fjordland, og vi er eit badande folk. Det er ikkje til å tru at vi no er på jumboplass i symjing i Norden. Medan nesten alle islandske og svenske tiåringar kan symja, meistrar berre helvta  av norske tiåringar symjekunsten.  79 prosent av danske tiåringar kan symja, 72 prosent av dei finske. Noreg ligg altså definitivt på botnen, viser ei undersøking Gjensidigestiftelsen og Norges Svømmeforbund fekk gjennomført i 2013.

I fjor døydde 119 personar i Noreg av drukning. Talet er det høgste sidan 2004 då 141 personar drukna. Generalsekretær Bjørn Soleng i Noregs Symjeforbund karakteriserer Noreg til å vera «bortimot på u-landsnivå» når det gjeld symjedugleik – og legg skulda på svært mangelfull symjeopplæring i skulen. 

I fylgje Kunnskapsløftet skal alle born kunna symja etter 4. klasse. 93 prosent av skulane gjennomførte symjeundervisning i 2013. Kvifor er då ikkje 93 prosent av 10-åringane symjedyktige? I helga som var sa kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen at symjeundervisninga ved mange skular er for dårleg. «Mye tyder på at mange skoler ikke har nok kompetanse, de mangler personale. Noen skoler nedprioriterer dette, og noen kommuner nedprioriterer det,» sa han til NRK. Noregs Symjeforbund vil ha meir enn prat frå Isaksen. «Dette temaet er oppe hvert år i mai-juni, så kommer det noen fagre ord. Men resultatene på PISA-undersøkelsen blir fort et hetere tema,» sitat symjepresident Per Rune Eknes til Dagsavisen.

Symjeforbundet ynskjer at symjeundervisninga skal byrja på lågare klassetrinn enn det obligatoriske fjerdetrinn som er regelen i dag: «Jo tidligere barn blir trygge i vann, jo raskere lærer de å svømme. Vi må begynne undervisningen i første- eller andreklasse,» sa generalsekretær Bjørn Soleng til Klassekampen. Generalsekretæren viste til at problemet er spesielt stort blant innvandrarar og innvandrarungdom. Mange av dei kjem frå kulturar der det ikkje er naturleg å kunna symja: «Da lærer barna verken å svømme på skolen eller av foreldrene.»

I tala over drukningsulukker i Noreg er det ei gruppe som skil seg ut, og det er ikkje innvandrarungdom. Det er menn over 40 år. I fjor stod dei for 60 prosent av dødsfalla. Statistikkane til Norsk Folkehjelp viser at den viktigaste årsaka til drukningsulukker er at personar fell i vatnet frå land – eller ulukker i fritidsbåtar.  Ivar Christiansen i folkehjelpa minte om det mest elementære: At bruk av redningsvest bergar liv.

No opnar snart Alexander Dale Oen Arena for oss bergensarar.  SV er svært uroa for at billettprisane i anlegget vert for høge. Nyeanlegget kan inspirera fleire til å symja, om vi er heldige. Men då må ikkje prisane verta ein barriere for folk flest – eller dei som treng det aller mest, det vil si dei som enno ikkje kan symja. Eg meiner at billettprisane ikkje må aukast. Det er ein del av prisen vi som kommune må betala når born ikkje kan symja (godt nok). 

Av Oddny I. Miljeteig,
gruppeleiar for SV i bystyret.

Relaterte saker